Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Norgesmeistarskap Skogsløp Sprint

Nøkkelpunkter

Dato 27. juli 2023
Arrangør Granvin Skyttarlag
Kart kart
Kontaktperson
E-post
Telefon 992 04 060
Kontaktinformasjon:

Påmeldingsfrist:

20.06 (kl. 21.00) - t.o.m 23.07.2023



Til påmelding

Granvin skyttarlag har gleda av å innby til årets Norgesmeisterskap i skogsløp med skyting – sprint og stafett torsdag 27. juli frå klokka 15.00.
Skytebana vår ligg 20 minutt frå LS-arenaen på Voss. Påmelding skjer på «Mitt DFS». Siste frist for påmelding er søndag 23/7. 
Puljefordelinga vil seinast vera klar innan tysdag 25. juli. Påmeldingsavgifta er kr. 250,- for senior og veteran, og 150,- for rekrutteringsklassane. Påmeldingsavgift blir betalt ved frammøte. 
Dersom det er mogleg å gjennomføra, vil me også gjennomføra ein sprint-stafett. Denne er for samlag, og det er ein eigen stafett for både kvinner (2 etappar) og menn (3 etappar). Påmelding til denne skjer under arrangementet. 
Klasseinndelinga anna regelverk er i hht. Skyttarboka kapittel V1. Merk at det ikkje er klasse eldre junior i skogsløp. Utøvarar som er fødde i 2004 og 2005 deltek derfor i seniorklassane. Det blir arrangert løp for klasse NU, men denne klassen har ikkje NM-status. 
Grovfelt-klassane skyt mot elektroniske skiver på 200 meter, medan  finfelt skyt på elektroniske skiver på 100 meter. Det blir kort innskyting i forkant av kvar pulje.  Meir informasjon finn de på nettsidene våre.  Velkommen til Granvin!

Antall påmeldte
Klasse Påmeldte
Kommende arrangementer
Dato Arrangement
2. august 2023 Lagsmeistarskap feltskyting 2023 Felt
16. august 2023 Krinsstevne Vossakrinsen - Bane
30. august 2023 Lagsmeistarskap bene - Bane