Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Vintertreffen 2023 - Fjordane

Nøkkelpunkter

Dato 5 - søndag 8. januar 2023
Arrangør Fjordane Skyttarlag
Kart kart
Live show http://results.megalink.no/
Kontaktperson Svein Bjarnar Nesse
E-post sbnesse@online.no
Telefon 911 33 048
Kontaktinformasjon:

Påmeldingsfrist:

11.12 (kl. 21.00) - t.o.m 04.01.2023



Til påmelding

Nesse, Balestrand og Fjordane skyttarlag ynskjer velkomen til Vintertreffen 2023. Etter 2 år med avlyste stemner ser me no fram til å få avvikla den tradisjonsrike trippelstemna vår. Nytt av året er at Balestrand er komen inn som arrangør, og stemna er med det blitt noko meir kompakt. Som tidlegare år vert det fortløpande laga samanlagtlister. Desse vert å finna på Nesse skyttarlag sine heimesider nesseskytterlag.com. Pengepremiering og medaljer på kvart stemne. I tillegg lokalprodusert gjenstandspremie til samanlagtvinnar Klasse 3-5/EJ, og i kvar klasse med meir enn 5 deltakarar over alle 3 stemnene. Arrangørlaga skyt i forkant av stemna, med begrensa plass for andre. Ta kontakt for eventuell avtale. I tillegg påmelding på ledige plassar på stemnedagane.

Baneinformasjon

Skytebana til Fjordane ligg i kjellaren i Vetlefjorden Grendahus. 5 stk. skiver frå Megalink.

Sekreteriat, livevisning og resultatservice i romsleg forsamlingslokale i 1.etg.

Skyteprogram

Det skal skytast 35-skot utendørs program, med fortløpande finale. Klasse NU, NV, Kl 1 og Kikkertklassen skyt ikkje finale.

Innskot 
Klasse 1-5, Veteran og Kikkert: kr 160,- (kr 80,- i arrangøravgift)
NU, R, ER, J, EJ og NV: kr 80,- (kr 40,- i arrangøravgift)
 
Premiering på kvart stemne:
Innleiande skyting: 
Pengepremiering i høve til skytterboka i alle klassar, med unntak av gjenstandpremie i klasse NU.
35 skot: 
Medaljer etter dette oppsettet:
Klasse 3-5: 2 medaljer
Klasse R, ER, J og EJ: 1 medalje. Ved meir enn 5 deltakarar - 2 medaljer. Ved meir enn 15 deltakarar - 3 medaljer
Øvrige klassar: 1 medalje med meir enn 5 deltakarar.

Samanlagt gjenstandspremiering i Klasse 3-5/EJ, samt klassevis gjenstandspremie i klasssar med meir enn 5 deltakarar på alle 3 stemnene.

Veibeskrivelse

Køyr i retning Gaularfjellet i rundkøyringa ved Dragsvik ferjekai, omlag 17 km. Avkøyring frå Fv613 til Vetlefjorden Grendahus i Vetlefjorddalen vert skilta. 

Køyretid
Vetlefjorden - Balestrand: 25min
Vetlefjorden - Nessane: 60min

Diverse

Kioskservering med varm og kald mat.

Me tek imot både Vipps og kort. 
Antall påmeldte
Klasse Påmeldte
Kommende arrangementer
Dato Arrangement
8 - søndag 12. mars 2023 Fjordane Open 2023 Inne
9 - søndag 12. mars 2023 LDKS 15m Fjordane krets Inne
22 - fredag 24. mars 2023 Lagsstemna 15m 2023 Inne