Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

LDKS Felt 2019 Fjordane krets

Nøkkelpunkter

Dato 14 - søndag 16. juni 2019
Arrangør Fjordane Skyttarlag
Kart
Live show www.dfs.no/fjordane
Kontaktperson Svein Bjanar Nesse
E-post fjordane@skytterlag.no
Telefon 911 33 048
Kontaktinformasjon:

Stemnetelefon 911 33 048

Påmeldingsfrist:



Til påmelding

Fjordane skyttarlag, med god hjelp av Balestrand og Nesse skyttarlag, byr med dette inn til Landsdelskretsstemna i bane- og feltskyting for Fjordane krets.
Baneskytinga blir arrangert på Esebotn skytebane. Innleiande feltskyting, Stang og Felthurtig vert arrangert i Vetlefjorden med utgangspunkt i Vetlefjorden Grendahus.
Innleiande skyting på bane og felt vert arrangert laurdag 15. Det vert også høve for nokre lag på fredag 14. dersom dette skulle vera naudsynt. Laurdag ettermiddag vert det gjennomført samlagsskyting for ungdom på bana.
Det er enkel og felles påmelding til både bane og felt på denne arrangementssida. Dersom nokre skyttarar ikkje skal delta på begge øvelsane, eller det er andre ynskjer, ber ein om det vert meldt frå om dette pr epost til fjordane@skytterlag.no  

Baneinformasjon

Feltløypa har utgangspunkt frå Vetlefjorden Grendahus, som er oppmøtestad og påmelding. Det vert lagt opp til at grovfelt og finfelt går same løypa, og har same standplassane.

Løypa startar med tilbod om innskyting 100m. Etter avslutta hovudskyting felt, er det lagt opp til Stang- og Felthurtigskyting. Stangskyting vert på pappskiver, Felthurtig på sjølvanvisarar. 
Den totale lengda på feltrunden er ca 2,5km. Etter siste Stang og Felthurtig vert det sett opp transport tilbake til Grendahuset, for dei som måtte ynskja dette.
Feltfinalane vert arrangert på papp i Esebotn søndagen.

Skyteprogram

Klasse 2-5, V55, EJ                 30 skot hovudskyting og 12 skot finale
Klasse 1, Åpen, AG3, HK416 30 skot hovudskyting 
R, ER, J, V65, V73                  30 skot hovudskyting og 12 skot finale finfelt
NV                                           30 skot hovudskyting på finfelt
Det vert oppgjevne avstander på feltløypa. Meir informasjon om dette kjem på www.dfs.no/fjordane etter kvart.

Veibeskrivelse

Vetlefjorden Grendahus er også innendørsbana til Fjordane skl. Avkøyring frå Fv13 til Grendahuset vert skilta, både frå Balestrand og Gaularfjellet. Det er ca 20km avstand mellom Vetlefjorden Grendahus og Esebotn skytebane.

Diverse

Det vert servering av varm og kald mat i Vetlefjorden Grendahus.

Det er mogeleg med påmelding på ledige plassar stemnedagen. 
Fjordane skyttarlag kan tilby betaling via Vipps.
Informasjon om stemnet vil etterkvart koma på heimesida www.dfs.no/fjordane
Antall påmeldte
Klasse Påmeldte
Kommende arrangementer
Dato Arrangement
14 - søndag 16. juni 2019 LDKS Bane 2019 Fjordane krets - Bane
10. september 2019 Dugleiksmerke Fjordane skl Bane - ikke kl.sett
10 - søndag 12. januar 2020 Vintertreffen Fjordane 2020 Inne