Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

NC Fjordane 3. runde bane

Nøkkelpunkter

Dato 25 - søndag 31. august 2025
Arrangør Fjordane Skyttarlag
Kart kart
Live show https://live.megalink.no/
Kontaktperson Svein Bjarnar Nesse
E-post fjordane@skytterlag.no
Telefon 911 33 048
Kontaktinformasjon:

Påmeldingsfrist:

12.08 (kl. 21.00) - t.o.m 24.08.2025



Til påmelding

Skyttarlaga Balestrand, Nesse og Fjordane ynskjer velkommen til Esebotn skytebane og 3.runde i Norgescup. 

Hafslo og Leikanger skyttarlag er også arrangørar i denne runden, der dei siste 3 laga på 200m på Leikanger søndag 31.august er avsett til seeda skyttarar. Desse 45 skyttarane vert kontakta av skyttarkontoret. 

Baneinformasjon

Esebotn skytebane ligg 4 km frå Balestrand sentrum. Dette er heimebana til skyttarkongane i Ese familien. Ho ligg idyllisk til melllom fjord og fjell. Her er det Megalink elektroniske skiver, 10 stk. på 200m og 10 stk. på 100m.



Skyteprogram

Det skal skytast 35-skots program med fortløpande omgang, for alle meisterskapsklassar.


Førehandspåmelding av minimum 8 skyttarar via utsendt excel-skjema frå skyttarkontoret, som skal returnerast til leikanger@skytterlag.no innan 10.august. Elles ordinær påmelding 12.-24.august.

Arrangerande lag av 3.runde føreheld seg retten til å skyta tidlegare i stemneveka.

Innskot NC klassane 3-5, V55, V65 og V75: kr 210,-
Innskot Kl. 1,2,
Åpen, KIK, HK416 og JEG: kr 160,-
Innskot Kl. NU/R/ER/J/EJ og SK1/SK2: kr 90,-
Premiering etter Skyttarboka på 15 skot og 10 skot. Medaljer i høve til DFS si tilråding for NC stemner. Desse vert delt ut laurdag kveld på Villmarka i Leikanger. I tillegg NC medaljer samanlagt, som vert det ut etter siste seeda lag søndag 31.august.

Veibeskrivelse

Esebotn skytebane ligg ved FV55 ved Sognefjorden. Avkøyring er skilta. For dei som kjem frå Leikanger på RV13, må ein ta ferja over til Dragsvik. Herifrå ein kort køyretur på omlag 5min til skytebana. Dersom ein kjem sørfrå, kan ein køyra RV13 til Vangsnes ferjekai, og deretter ta ferja til Dragsvik. Kjem ein frå sørfrå via ferjestrekket Oppedal-Lavik, fylgjer ein FV55 frå Vadheim og inn til Balestrand. Kjem ein nordfrå kan ein køyra den Nasjonale turistvegen FV613 over Gaularfjellet. Ein ender då også opp ved Dragsvik ferjekai.

Ferja Dragsvik- Hella tek omlag 10min, og har har som regel 30min avganger på dagtid. Dette kan variere noko, så ein bør derfor sjekke aktuelle avganger på for eksempel entur.no 
Avstand Esebotn - Leikanger skytebane: 25,5km (Ca 50min) inkl ferje
Avstand Esebotn - Hafslo skytebane: 63km (Ca 1t30min) inkl ferje

Diverse

For dei som kjem med bubil, vert det tilrettelagt eit område for parkering i nærleiken av bana. Elles vil me tilråda å nytta Veganeset Camping, ved Dragsvik ferjekai. Informasjon om overnatting, påmelding, resultater osv. vert fortløpande lagt ut på heimesida til 3.runde når denne er klar: https://dfs.no/nc-2025-runde-3


Laurdag kveld er alle skyttarar inviterte til Treffpunkt Leikanger, i Villmarka, berre 1km frå Leikanger skyttarstadion. Sjå innbydelse for meir informasjon.

Antall påmeldte
Klasse Påmeldte