Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Vintertreffen 2025 - Balestrand

Nøkkelpunkter

Dato 9 - søndag 12. januar 2025
Arrangør Balestrand Skyttarlag
Kart kart
Live show https://results.megalink.no
Kontaktperson Roy Kennet Rendedal
E-post balestrand@skytterlag.no
Telefon 90653707
Kontaktinformasjon:

balestrand@skytterlag.no

Påmeldingsfrist:

11.12 (kl. 21.00) - t.o.m 07.01.2025



Til påmelding

Nesse, Balestrand og Fjordane skyttarlag ynskjer velkomen til den tradisjonsrike trippelstemna  Vintertreffen 2025. 

Som tidlegare år vert det fortløpande laga samanlagtlister. Desse vert å finna på Nesse skyttarlag sine heimesider www.nesseskytterlag.com.

Pengepremiering og medaljer på kvart stemne. I tillegg lokalprodusert gjenstandspremie til samanlagtvinnar Klasse 3-5/EJ, og i kvar klasse med meir enn 5 deltakarar over alle 3 stemnene. Samanlagtvinnar 3-5/EJ vinn berre ein gjenstandspremie.

Arrangørlaga skyt onsdag kveld på Nessane, med begrensa plass for andre, ta kontakt for eventuell avtale. I tillegg påmelding på ledige plassar på stemnedagane.

Baneinformasjon

Balestrand Skytterlag held til i kjellaren på Belehalli Idrettshall.
Vi har 6 elektroniske skiver  frå megalink.

Sekreteriat, livevisning og resultatservice i romsleg forsamlingslokale.

Det er Kiosk sal

Skyteprogram

Det skal skytast Mesterskapsprogram 15 innandørs Alternativ 1, med fortløpande finale. Klasse NU, Sk1, Sk2 og Jeger skyt ikkje finale.

Innskot 
Klasse 1-5, Veteran, Jeger og Kikkert: kr 160,- (kr 80,- i arrangøravgift)
NU, R, ER, J, EJ, Sk1, Sk2 og Åpen : kr 80,- (kr 40,- i arrangøravgift)

Premiering på kvart stemne:
Innleiande skyting 25 skot: 
Pengepremiering etter skytterboka i alle klassar, med unntak av klasse NU som får gjenstandpremie.
Mesterskap 35 skot: 
Klasse 3-5/EJ: 2 medaljer, 
Klasse R, ER, J og EJ: 1 medalje. Ved meir enn 5 deltakarar - 2 medaljer. Ved meir enn 15 deltakarar - 3 medaljer
Øvrige klassar: 1 medalje ved meir enn 5 deltakarar.

Samanlagt gjenstandspremiering i Klasse 3-5/EJ, samt gjenstandspremie til øvrige klassevinnarar med meir enn 5 deltakarar på alle 3 stemnene.

Veibeskrivelse

FV 55 frå dragsvik. Følg FV55 igjennom 60 sona og igjennom tunellen, Ta første til venstre etter tunellen. Følg så skiltinga til Belehalli/ idrettshall


FV55 Frå Nesse. paser busshaldeplassane i 60 sona, ta so første til høgre (før tunellen.) og følg skiltinge mot Belehalli/ idrettshall.  

Kjøyretid: ca 25-30 min til Nesse SKL si bane (Balestrand) og ca  25 min til Fjordane si bane (Vetlefjorden)

Diverse

Balestrand Skytterlag har både Vips og Bankterminal. 

Antall påmeldte
Klasse Påmeldte
Kommende arrangementer
Dato Arrangement
8 - søndag 11. januar 2026 Vintertreffen 2026 - Balestrand Inne