Laget er i stadig vekst og har i dag i overkant av 100 medlem, der dei aller fleste er jegarar. Det er organisert treningsaktivitet innandørs i vinterhalvåret, medan me samarbeider om treningsaktiviteten utandørs, samt jaktprøver, saman med Fjordane og Nesse skyttarlag.
Balestrand skyttarlag har elektronisk anlegg frå megalink på innandørsbana vår i kjellaren i Belehalli i Balestrand. Det er montert 6 elektroniske skiver med heis. Her er nye fasilitetar,i klubbhuset, store garderober og gode parkeringstilhøve.
Utandørsbana vår er Esebotn skytebane, og er eit sameige av Balestrand-, Nesse- og Fjordane Skyttarlag. Alle laga har representantar i eit eige banestyre.
Esebotn skytebane er stadig i utvikling. Det vart nyleg investert i nytt kulefang og elektroniske skiver på 100m. Her er det plass til maksimalt 8 skiver, medan det kan plasserast 12 skiver på 200m.
Det nye skyttarhuset stod ferdig i 2006, og rommar kontor, opphaldsrom, kjøkken og toalettfasilitetar. Lokalet er mogeleg å leige ut.
Balestrand jeger og fiskelag har bygt leirduebane i samband med skytebana i Esebotn, slik at no er etablert eit komplett tilbod for skyttarar og jegarar.