Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat "Heime-LS"

Heile 52 av laget sine skyttarar møtte til dyst, når Hardanger skyttarlag gjennomførte Heime-LS i Vangdalsåsen idag. Les meir her...!

HEIME LS
Heile 52 av laget sine skyttarar møtte til dyst, når Hardanger skyttarlag gjennomførte Heime-LS i Vangdalsåsen idag.

Mange gode prestasjonar vart det, sjølv om me ikkje har nokon med i mestermøte i Oslo fk torsdag.

Den som truleg imponerte aller mest var rekrutt skyttaren Mathias Eide, som skaut 344poeng og sette ny personleg rekord med heile 5 poeng - strålande prestasjon👏👏

Ellers heldt den nybakte samanlagtvinnaren av klasse V65 i Lerum Cup, Arne Berge, samme stødige nivået - 350 med 26 sentrum 👏👏

I V55 skaut Magne Lysen svært gode 347 poeng og i klasse 2 låg Ann-Kristin S Bråten lenge svært godt an i klasse 2. Med ein ikkje heilt perfekt omgang enda ho likevel på 340 poeng.

Stødig skyting leverte også Amalie Eide Aase i ER, ein niar på omgangen gjorde at ho enda på 349 poeng.

Blandt dei klasseførte bør den yngre garde legge seg i trening, iallefall så lenge dei vert slått av ein som har alderen til yngste veteran klassen😉

Etter skytinga vart det grilling og ei skikkelig trivelig stund for alle som tok seg tid til å vere med på dette👌👌

Fullstendige resultat 100m HEIME-LS

Fullstendige resultat 200m HEIME-LS