Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Krinsmeisterskap bane 2020

Fullstendig resultat frå Krinsmeisterskapet i baneskyting 2020 samt Lagsmeisterskap for Hardanger finn du her!...

29.08.20 gjekk årets KM Bane av stabelen i Vangdalsåsen. Det vart ei fin dag med god skyting. Stemna var óg lagsmeisterskap for Hardanger.

I rekrutt gjorde Mathias Eide det spanande, før siste skotet på omgangen måtte han ha ein tiar for å slå Ronja Traa Ditmarsen. Om det var iskald kalkulering eller flaks veit me ikkje men Mathias skaut ein X.0 og vart med det både krins og lagsmeister.

Eldre Rekrutt vart vunnen av Kristine Solheim Wikane frå Jondal. Ho hadde 100 (8*) i finalen og fekk då 345 poeng. Celina Utskot Bråthun vart lagsmeister i Hardanger med 344.

Isak Helland Måkestad lot seg ikkje pressa av favorittstempelet i Juniorklassen og vann denne med suverene 349 poeng.

I Eldre Junior vart det aldri heilt spanande, og Joakim Øye vann med 342 poeng.

Bjarte Måkestad vann NV, rekruttmeisteren frå Lesja i 1995 har kosta støvet av Saueren og fekk 240 poeng.

I V65 gjorde Arne Berge som han plar, skaut 350 og vann klassen.

V73 vart vunnen av Asbjørn Hestad, han skaut 348 med ni sentrum i finalen og vart rangert føre Sverre Krutnes og Nils Lothe på same sum.

6 stykk deltok i NU

Jo-Bjørnar Håvik frå Jondal vann klasse 1 med 247 poeng.

I klasse 2 vart det siger til Tore Bråten. Tore hadde heile seks poengs ledelse før finalen og vann fem poeng føre Jostein Bråten.

I V55 vart det heller aldri heilt spanande. Henry Øye vann med 344 poeng.

I 3-5 leda Chris-André Fauske med 246 poeng før finalen. Poenget bak låg Liv Sollesnes. I finalen gjekk det litt fort for Chris og han enda på 342, Liv satt alle finaleskota i tiaren og vart med det årets krinsmeister. Chris vart lagsmeister i Hardanger.

Stang: Chris skaut 10+11=21 på stangen, dette var det ingen andre som makta og slå, Chris vant dermed stangen i år som i fjor. Chris tok óg lut i A. Tveitens pokal II, med 100+21=121.

Lagskyting:
Ungdom: Hardanger 1
Senior: Jondal
Veteran: Hardanger

Hardanger Skyttarlag vil takka alle som møtte opp og gjorde dette til eit minnerikt krinsstemne!

RESULTAT 200M

RESULTAT 100M

RESULTAT LAGSKYTING UNGDOM/VETERAN

RESULTAT LAGSKYTING SENIOR

RESULTAT STANG