Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Fullstendige resultat for det forseinka 1-mai stemnet finn du her!

Årets store skytehelg i Vangdalsåsen er ferdig og vinnarane i alle klassar er kåra!

Årets store skytehelg i Vangdalsåsen er ferdig og vinnarane i alle klassar er kåra!

I Rekrutt var det Madel Skår Måge frå arrangørlaget som stod att som vinnar til slutt. Med sine 342 var ho eit poeng føre lagkamerat Mathias Eide. Jørn Skjelnes Haukenes frå Vareld kom på tredjeplass med 338.

Eldre rekrutt vart og vunnen av ei jente frå arrangørlaget, Amalie Eide Aase gjekk til topps med sine 349 poeng. Også i denne klassen var det berre poenget føre lagveninne Celina Utskot Bråthun. Kristine Solheim Wikane frå Jondal kapra tredjeplassen med sine 347 poeng.

Junior var einaste ungdomsklassen med 350 poeng. Det var det Even Øyjord Rødne frå Etne som stod for. Eirik Lussand som skyt for Fana fekk andreplassen med 348. Poenget bak han sikra Isak Helland Måkestad frå arrangørlaget seg tredjeplassen.

Sofie Evensen frå Os vann klasse Eldre Junior soleklart med sine 345 poeng. Sander Eide Aase frå Hardanger fekk andre- (og siste-) plass med 337.

V65 vart vunnen av Arne Berge frå Hardanger. Arne er i siget for tida og var ein av fire i sin klasse som skaut 350. Arne fekk 26 sentrum. Ein sentrum føre Jostein Haukås (Åsane/Hordvik) og Berge Legland (Strandvik) som delte andreplassen.

«Verdens beste veteranskyttar» Odd Kolsrud frå Begnadalen vann ikkje uventa V73 med sine 350 (30*). Ludvig Indrebø frå Farnes var ikkje langt bak med same sum og 28 innertiarar. Ein sentrum bak Ludvig sikra Knut Skjelbreid frå Hålandsdal/Eikelandsfjorden seg tredjeplassen.

Reidar Nærnes sikra Hardanger endå ein siger på 100 meteren med sine 236 i Nybegynnar Vaksen. Kirsten Birkeland frå Strandvik skaut 229 i same klasse.

Det deltok 5 stykk i NU som alle fekk premie for flott skyting! Rekrutteringa ER framtida til skytesporten.

I klasse 1 var det Espen Mjelde Jakobsen frå Meland som drog det lengste strået med 241. Magni Petersen frå Tysse hadde same sum men færre sentrum. Håvard Brurok sikra tredjeplassen på heimebane med 234.

Klasse 2 vart vunnen av Per Johan Mælen frå Jondal. Han hadde 339. Både Ann-Kristin Strømme Bråten og Tore Bråten frå arrangøren hadde 338 (12*) Men Tore måtte sjå seg slått av tanta si som hadde fleire tiarar.

I V55 var Kjartan Huldal sterkast, skyttaren frå Åsane/Hordvik hadde 346. Det var eit poeng føre Atle Håtuft frå Meland. Osingen Arvid Austefjord tok tredjeplassen, poenget bak Håtuft.

Klasse 3-5 vart vunne av unge og lovande Olve Grønås Birkeland frå Haugesund og Sveio, som med det tok sitt fyrste napp i vandrepokalen. Olve, som kunne vore sisteårs junior skaut 345 (18*). Det skal og nemnast at Olve vann i Jondal med 348. Han var berre ein sentrum betre enn Liv Sollesnes frå Jondal som sikra seg andreplassen. Lars Elling Haugsvær (Oppedal/Brekke) og Linn Christine Vatland (Time) sikra seg siste medaljane i 3-5 med 344 (15*) og delt tredjeplass.

I klasse 4 var det 17 år gamle Joakim Øye frå arrangørlaget som hadde beste resultat med 337 (9*)

I klasse 3 hadde Aleksander Bråten frå arrangøren beste resultat med 331 (10*)

Det vart og nye namn på begge dei andre vandrepokalane. John Olav Ågotnes frå Sartor hadde best 15-skot med sine 149 (9*). Same sum hadde Olve Grønås Birkeland og Lars Elling Haugsvær, men med færre sentrum.

Åsne Skår frå arrangørlaget var einaste med 100 på grunnlaget og tok med det napp i pokalen. Både Jonny Innvær frå Bremnes og Liv Sollesnes hadde 99.

 

Hardanger skyttarlag vil takka alle dei 207 skyttarane som skaut og bidrog til at det vart ei minnerik helg i Vangdalsåsen.

Me vil ynskja alle velkommen tilbake ved eit seinare høve.

Fullstendige resultat 100m

Fullstandige resultat 200m