Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat 1.mai stemna 2019!

Resultata frå årets 1-mai stemne finn du her! Andreas Seilen vann klasse 3-5 med fantastiske 348 og ny banerekord!

Resultatlister under:

Resultat Vangdalsåsen

Resultat Jondal

Då er årets 1-mai stemne over for denne gong, og me har, i tillegg til banerekord, fått mange meget gode resultater i finværet i Vangdalsåsen idag!
 
Totalt 318 skyttarar deltok i år - noko som igjen er ny deltakarrekord på 1-mai stemnet's historie! 
 
Her er klassevinnarane;
 
Klasse 3-5:
Han viste at han er laga av stål på Landskyttarstemnet i Stjørdal i fjor då han skaut seg rett inn på Kongelaget - og idag var han i ein eigen klasse! Andreas Seilen frå Bruvik Skyttarlag skaut fantastiske 348 poeng og tok med det ny banerekord i Vangdalsåsen! 
 
Me bøyer oss i hatten!
 
På andreplass havna Bjørn Lieng med 345 poeng, og på tredjeplass finn me Arild Brodahl.
 
Rekrutt:
Jonas Bjørke vann klasse Rekrutt med 343 poeng!
 
Eldre Rekrutt:
Her vann Haldor Valø med gode 349 poeng og 22 sentrum! På andreplass finn me Mikkel Brusletto med same poengsum men 20 sentrum!
Tuva Eskeland tok tredjeplassen med 348 poeng og heile 25 sentrum!
 
Junior:
Her fekk me dobbelktsiger til Ølen Skyttarlag med Sebastian K. Dahlberg på topp med 349 poeng, poenget føre Erlking jr. Lien! 348 poeng hadde også tredjeplassen - nemleg Marius Klette fra Voss!
Klasse V55:
Alt Høysæter tok innersvingen på alle då han klinka til med 347 poeng og soleklar siger, tre poeng framfor vår eigen Henry Øye på 344 poeng og 17 sentrum. Arvid Austefjord kapra tredjeplassen, også han med 344, men med to sentrum mindre enn Henry.
 
Klasse V65:
I klasse V65 vart det servert kanonskyting!
Heile tre skyttarar fekk fullt hus - 350 poeng. På topp med 28 sentrum er Lars Kåre Almeland frå Voss! På delt andreplass med ein sentrum mindre(!) finn me Jostein Haukås og Knut Skjelbreid, begge med 350 poeng og 27 sentrum!
 
Klasse V73:
Her vart det siger til Ola Loneland som den einaste skyttaren på 350 poeng! På delt andreplass finn me Reidar Dahle og Oddbjørn Lekven - begge desse med 349 og 25 sentrum!
 
Klasse NV:
Anita Bakkane skaut fantastiske 248 poeng og var best i denne klassen! (klassen skyt ikkje omgang)
 
Klasse 1:
Fartein Ø. Undertun vann klasse 1 med 246 poeng!
 
Klasse 2:
Siger til Kemny Andre Soldal med 341 og 17 sentrum, og andreplass  til Ove Røyrvik med 341 poeng og 14 sentrum, to små sentrum føre Edgard Bjorøy frå Sartor. 
 
Me takkar for at de tok turen til oss og håpar å sjå dykk igjen neste år!