Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Landskyttarstemnet 2019 på Evje!

Landskyttarstemnet 2019 er over - og laget presterte ikkje berre meget gode resultat, me fekk for andre året på rad ein Norgesmeister med heim!

Landskyttarstemnet 2019 på Evje!

Me har fått ein NORGEISMEISTER dette året også👍
GRATULERER TIL ASBJØRN HESTAD, som etter 30 treff innleiande, slo til med 12/10 i feltfinalen klasse V73. Det medførte omskyting om tittelen mot Magnar Molland. Asbjørn vann omskyting på ein overbevisande måte og er altså NORGESMEISTER i felt klasse V73👏 strålande 👏

Jonas Bjørke med 11/9 i feltfinalen i klasse Rekrutt - kun ein øøøøørliten bom frå å vinna LS! Det enda til slutt med ein 12. plass - me gratulerer!

Isak Måkestad med 100 poeng og 8 sentrum i finalen og totalt 348 poeng i juniorklassen! Dette er også eit resultat heilt blandt dei beste i landet! Grattis Isak!

NM felt er ferdig og Hardanger-skyttarane gjorde det veldig bra.!!!
Største prestasjonen er Trine Flotve på sjetteplass og nest beste kvinne. -Ho skaut tolv treff, med heile sju innertreff i finalen, berre ein innertreff frå omskyting om sigeren. For dette får ho og feltmedalje.

Oddvin Holst, Dag Skår og Åsne Skår fekk kvar si stjerne for sine plasseringar mens Chris Andre Fauske sikra seg feltmedalje etter tolv treff i finalen.

Me hadde og Kjetil Måkestad, Kjetil Skår og Harald Brekke i finale. Dei nådde diverre ikkje heilt opp denne gong.

Med dette var årets LS over, og me frå Hardanger har mange gode prestasjonar og sjå tilbake på! 


Ein stor takk til både skyttarar og heia-gjengen som var med og gjorde LS2019 på Evje til den flotte opplevelsen det vart!😊

 

LS Evje dag 6:

Trine Flotve beste skyttar frå Hardanger i klasse 3-5 med 343 poeng - eit resultat heilt i norgestoppen! Me gratulerer!

Og på tredje etappe på samlagsskytinga skyt Harald Brekke Hardanger og Voss opp på listene med 100 poeng og 7 sentrum på sitt grunnlag!

Fantastisk skyting av Harald - dette er det ikkje mange i landet som er i nærheten av!

Harald vant Forsvarssjefens premie som er den beste samlagsskytteren på Landskytterstemnet! Enorm prestasjon!!

 

Evje dag 5:

Felt kl 2:
Her hadde me fleire i ilden med gode resultat, best var Ann-Kristin og Jostein Bråten som begge med 26 treff kvalifiserte seg til feltfinale i klassen👏👏

Felt kl ER:
Skyttarane våre leverte god skyting med 3 stk på 29 treff (Amalie, Celina og Endre) og Torkjel på 28. Men det er god skyting og høge krav i denne klassen, finalekravet vart derfor 30 treff😮, men neste gong😉

Bane J:
Fire juniorar i ilden og 3 kvalifiserte seg til finale - svært bra👍 Isak(248), Sander(247) og Joakim(247). Tobias kjem sterkare tilbake ved neste anledning👍

Bane kl 5:
Behørig omtalt tidligare og strålande nøgde med 3 finalistar👏 Trine 244, Harald 242 og Dag 242.

Lagskyting:
Skyttarane sine gode prestasjonar har resultert i 8 plass i kvalifiseringa og at fylgjande skal representere Hardanger skyttarlag i lagskytingsfinalen på torsdag:
Johs S Bakke og Arne Berge på 100m kl 11.00
Trine Flotve og Harald Brekke på 200m kl 14.00

Så 🤞for dagens finaledeltakarar i banefinalane👌og V73 som skal ut på finfeltrunden👌👌

Evje dag 3 og 4:


Søndag og mandag er også alt forbi, med mange nye gode prestasjonar av laget sine skyttarar👍

Felt klasse 5:
Omtalt tidligare, men 6 skyttarar kvalifiserte seg til finale (30 treff på Trine, Harald og Dag, 29 treff på Åsne, Oddvin og Chris)👏

Bane ER:
Alle skaut maksimalt av kva dei har prestert tidligare i år, og det er kjempeflott👍 Ein finale plass vart det også ved Amalie E Aase som stoppa på 249👏

Felt R:
Kjempeskyting av Jonas Bjørke med 30/24, 4 plass i klassen og sjølvsagt finaleplass👏 Strålande også av Madel S Måge som skaut sitt 2 feltstemne - ever - og fekk heile 26 treff👏

Tormod Aarekol skaut glimrande 29treff på sin feltrunde og vart med det nr 3 i klasse 1👏

Dei fyrste finalane vart også unnagjort på søndagen - med gode prestasjonar - dog utan at nokon greidde å «setja prikken over i-en»😉nærmast var Arne Berge, som om han hadde bytta ut niaren på siste skotet med ein sentrum - hadde fått skote oppatt om 2 plassen - litt surt var nok det😉

På mandag var Jonas Bjørke uheldig med ein skeiv 10 skot og stoppa på 243 poeng i klasse R. Eit poeng bak finaleplass. Madel S Måge skaut også på banen og stoppa på 228 etter ein strålande 10skot på 97 poeng👏

STORE gratulasjonar også til Steinar Vik som fekk 30/20 på felten og sin finale nr 2 i V65👏

Bra resultat av Andrea Kirkevold på banen (238) gjorde også at laget vårt pt ligg på ein 12 plass i lagskytinga - finale plassen er altså godt innanfor rekkevidde😉

Mulig finale plass i felten for Henry Øye i V55 også, som fekk 26 treff på sin runde👍

 

Status etter dag 2 på Evje:

Då har juniorane våre vore ein runde i felten og gjort sine saker meget bra og spennande heilt til siste hold. Fleire av dei hadde ingen taparar til dei to siste holda. Til slutt fekk me to på 29 treff og to på 28 treff.


Joakim Øye og Isak H Måkestad med 29 treff og Tobias S Måge og Sander E Aase 28 treff. I allefall to til finale og kanskje 4. Grattis med fenomenal skyting ungdomar😉

Tormod Aarokol har skote bane i dag. Han enda på 244 poeng, som gir han ein flott 13 plass etter at klasse 1 er ferdig med si skyting😊 Me gratulerer👍

 

Status etter dag 1 på Evje:


Strålande resultat av dei som var i ilden fyrste dag av LS på Evje. 
4 finaleplassar på banen, Arne Berge (250) og Steinar Vik (249) i klasse V65👏

Ann-Kristin S.Bråten (243) og Betina Fredheim (238) i klasse 2👏
2 finaleplassar på felten, Kjetil Måkestad (29/14) og Ole Johannes Bakke (29/13) i klasse 3👏

 

Resultat og ellers info om skytetider mm finn de HER!

Følg oss også på Facebook sida til Hardanger Skyttarlag - der oppdaterar me kontinuerlig ettersom resultata kjem inn!

 

Me gler oss!