Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Harald Brekke - 348 poeng!

Tidenes beste poengsum av ein skyttar frå Hardanger Skyttarlag gjennom tidene! Les intervju med Harald her!

Intervju med Harald Brekke ei god veke etter 348-bragden!

 

Hei Harald, og gratulerer med 348 poeng og ny pers forrige helg på Bremnes! Stemnesiger vart det også!

- "Takk for da!"

Du er klar over at dette er den beste poengsummen ein skyttar frå nokon av dei samanslåande laga som idag utgjer Hardanger Skyttarlag har prestert? Det er eit resultat heilt blandt dei beste i landet! Kva tenkjer du om dette?

- "Dette er ikkje noko eg tenkjer så mykje på, men det høyres jo flott ut. "

Fantastisk skyting var det vertfall. Kva tenkjer du om sesongen i år? Kva er målet ditt?

- "Eg har ikkje noko konkret mål, men håpar på å prestere jamnt på eit høgt nivå. Eit mål er å ta medalje på baneskytinga på Landskyttarstemnet 2019"

Er kongelag innenfor rekkevidde?

- "På ein god dag kan dette gå, men på LS er det mange faktorer som må klaffe for at det skal skje. Kongelaget går nok på 246 poeng og det er jo en poengsum eg har klart tidlegare, så man veit jo aldri."

Me ser du har fått ny dress. Har da hatt effekt på skytinga?

- "Ja, eg trur da - men da er mogleg det har vore like mykje til hjelp psykisk.

Kjenner du på noko ekstra press og forventning når du er kanskje den beste og mest stabile klasseførte skyttaren frå eit så stort lag som Hardanger?

- "Eg vil ikkje sei at eg er den beste, me er fleire som er nokså jamngode."

Kva tips har du til yngre skyttarar som ynskjer å verta lika god som deg?

- "Eg vil oppfordra dei til å trena jamnt og trutt under innendørssesongen, det er der grunnlaget vert lagt. Tren målretta og riktig!"

Og til slutt; Kven ser du på som din største konkurrent på lagsmeisterskapet bane 2019?

- "Alle er gode, så alle er store konkurrenter!"

Lukka til med sesongen Harald!

- "Takk!"