Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Sunnmør Skyttersamlag
Midt i blinken

Styret informerer

Her er litt informajon om ka som har skjedd og ka som skjer vidare

Skyttartinget del 2
 
Sist laurdag blei siste del av skyttartinget for 2020 holdt. Dei sakene som er verdt å nemne er:

Sentral medlemskontingent - Det blir ikkje innført sentral medlemskontingent.
Stang- og felthurtigskyting for kl ER - Det blei vedtatt at klasse ER kan delta i stang- og felthurtigskyting i alle type stemne.
Oppretting av teknisk sportsleg utval - Det vert oppretta eit teknisk sportsleg utval som skal avlasta skyttarstyret i saker som omhandlar kapittel 6 - 13 i skyteboka.
Val - Trine Ramsvik Stette blei valt inn som Midt-Noreg sin vara representant i DFSU for Kari Sofie Brøndbo Fiskum.
 
Protokoll frå del 2 av tinget kjem ut på dfs.no når den er klar. Protokoll for del 1 finn de her; https://www.dfs.no/globalassets/documents/skytterkontoret/protokoller_rapporter/skyttertinget/2020/protokoll-skyttertinget-2020-del-1.pdf
 
 
Stranda skyttarlag nedlagt
 
19.februar 2021 blei Stranda skyttarlag nedlagt. Hovudårsaken til dette var på grunn av konflikt med grunneigar ang utvidding av banekontrakt for utandørsbana. Mesteparten av skyttarlaget sine medlem er overført til Sykkylven, og nokon til Sunnylven. Drifta av miniatyrbana i Stranda sentrum er overteke av Sykkylven skyttarlag. Nedleggelsen av laget gjekk fint føre seg.
 
Midt-Norsk Meisterskap 2021 avlyst
 
Arrangørlaga for MNM kunne i kveld informere om at det er blitt einigheit om å utsette meisterskapet enda eit år. Hovudgrunnane er, som det står i mailen frå arrangørlaga, den usikre framtida rundt pandemien og usikkerheita for kor mange deltakarar som kjem til å delta på stemnet frå landsdelen generelt. Forhåpentlegvis vil ting bli meir eller mindre normale i løpet av året, og då er sjansane større for at deltakarantallet til stemnet blir betre til neste år.
 
Frende-Cup
 
I morgen, onsdag, skal skyttarstyret diskutere LS og FC (NC). Pr i dag er det framleis ganske opent om dette vert gjennomført eller ikkje. Slik det vert skreve i møtereferata så er det sjans for at runde 1 av FC står i fare for å bli avlyst pga pandemien. Likevel så er signala frå skyttarstyret at om LS vert arrangert, så vert også runde 2 og 3 i FC arrangert.
 
Samlagsstemne og LDKS
 
Sida dei terminfesta samlagsstemna og landsdelkretsstemna for miniatyr og felt ikkje blei noko av pga pandemien så har skyttarstyret opna opp for at desse stemna kan arrangerast så seint som ut november måned. Samlagsstyret vil sjå på moglegheite for å få gjennomført samlagsstemna i miniatyr og felt så snart moglegheitene for å arrangere opnar opp igjen. Når det gjeld LDKS så har Mørekretsen drøfta aktuelle datoar for sine stemne der den planlagte helga for MNM kan vere ei aktuell helg og gjennomføre LDKS felt på. Det kjem meir info rundt dette etterkvart.
 
Oppskyting til storviltprøve
 
Det oppfordrast til at skyttarlaga gjer ein ekstra innsats i år med logistikk og planlegging når det gjeld gjennomføring av oppskyting til storviltprøve sida det i år ikkje er noko fritak til oppskyting. 
 
 
 
Elles oppfordra vi alle skyttarlag og skyttara til å følgje DFS sine, og dei nasjonale og kommunale, koronavettreglar når det gjeld anna aktivitet på skytebana. 
 
 
 
Mvh
 
leiar