Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Sunnmør Skyttersamlag
Midt i blinken

Skyteinstruktørkurs 1a 2019

8.-10. novemeber skal det vere skyteinstruktørkurs 1a i Ørsta. Dette er eit kurs som blir arrangert av skytterkontoret, og det blir arrangert ein gong i året i kvar landsdel av landet. Og i år er det i Ørsta for Midt-Noreg.

I og med dette er såpass nærme i år så vil vi opfordre få folk til og delta.
Der kan vere nokon som har det frå før, men for den som ikkje har det så er dette ein moglegheit til å få inn ein god del meir input og inspirasjon til og drive instruerte rekrutteringstreningar på lagsnivå. Og dette kan i tillegg brukast til eiga nytte eller til kven det enn måtte vere. På kurset så blir det gått gjennom blant anna så og seie alt om skytestillinger, puss og stell av våpen og skyteledelse.

Kurset er gratis å delta på og til nå så er det ingen frå Sunnmør som er påmeldt. Det skulle det absolutt ha vore, spesielt når det er så nærme som det er.

Deltakarkriterien for å vere med på kurset er at ein må vere fylt 16 år i løpet av kalenderåret.
Dette er ikkje eit kurs kun for skyttarar. Det er også for foreldre eller andre interesserte. Og ein treng ikkje noko særleg bakgrunn innan skyting for å vere med. Dette er eit grunnlegande kurs om stort sett det meste som har med skyting og gjere.

Her er ein link til informasjon og påmelding som er verdt å klikke innom!

https://www.dfs.no/opplaring/fokus-pa-instruktoren/vil-du-bli-skyteinstruktor/

Håpar dette verke interessant!

PS: Påmeldingsfristen er 20.okt.