Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat lagsmeisterskap miniatyr 2019!

Det vart nokon jevne fighter! Les alt om lagsmeisterskapen i miniatyr her!...

Lagsmeisterskap miniatyr 2019.

58 deltakarar var med på lagsmeisterskapet vårt torsdag 7 februar. Dette meisterskapet vart også nytta som generalprøve till LDKS i miniatyr som kjem neste helg. Det vart skote innleiande for alle skyttarane, før me kjørte egne finanelag med enkeltskudds anvisning! Dette gjorde det ekstra spennande og publikumsvenneleg. -og me må sei at anlegget og personellet er klare for LDSK 🙂 🙂

Så tilbake til lagsmeisterskapet!
Masse god skyting vart det! -det er ekstra gledelig å sjå at me har fått med oss mange av nybegynnarane som deltok på skyteskulen vår tidlegare, både på treningane og stevner i nærleiken!! FANTASTISK MORO!!!

*Rekrutt
Her var det Jonas Bjørke som vann! Han prikka inn 343 poeng!!

*Eldre rekrutt
Her vann Celina U. Bråthun. Ho hadde 247 etter innleiande skyting og med 98 i finalen enda ho på 345 poeng!

*Junior
Det var 3 juniorskyttarar som deltok. Samtlege av desse hadde 245 etter innleiande skyting. -når poenga var oppsumert etter finaleskytinga, var det Joakim Øye, som med 100 poeng i finalen, satt igjen som vinnar av denne klassen!

*Eldre Junior
Her vann Morten Øyeflaten med 330 poeng!

*Klasse 1
Her enda Tormod Aarekol på 247 poeng, og klar siger!

*Klasse 2
Tore Bråten trakk det lengste strået her. -med 243 poeng etter innleiande skyting og 100 poeng i finalen, enda han på 343 poeng!

*Klasse V55
Henry Øye vann denne klassen 347 poeng!

*Klasse V65
Arne Berge låg på skive ein i denne klassen etter innleiande skyting med 249 poeng! Han mista ein i finalen og enda på 348, ein poensum som heldt til siger.

*Klasse V73
I denne klasse vann Johannes Skaar Bakke! Etter finaleskytinga enda han på 345 poeng!

*Klasse 3-5
Med 247 poeng etter innleiande skyting, heile 3 poeng føre nummer to, vart det som ein sjarmør-etappe å rekne for Harald Brekke i finalen.
Han prikka inn 100 poeng og enda dermed på 347 poeng!!

 

Me gratulerere vinnarane spesielt og ellers samtlege skyttarar med resultatet!!
Komplett resultatliste for lagsmeisterskapet finn du HER!