Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat Finale LapuaCup 2019

LapuaCup'en 2018/19 er no historie - og me håpar cupen har gjort godt for både rekruttering og aktivitet ellers i laga i vinteren som har vore. Les meir og sjå resultat frå finalen her!...

LapuaCup'en 2018/19 er no historie - og me håpar cupen har gjort godt for både rekruttering og aktivitet ellers i laga i vinteren som har vore.

Finalen gjekk av stabelen på den nye miniatyrbanen i Vangdalsåsen 23. februar 2019. Me hadde leigd inn eit film-team som kjem tilbake med det me trur vert ein flott video og mange flotte bilder frå finalen!

I finalen var det storveis innmarsh - med både musikk, lys og speaker som haldt både skyttarar og publikum med underhaldning og ekstra spenning.

209 skyttarar har totalt vore innom å skote ein eller fleire rundar i år, 106 skyttarar over 18 år, og 103 skyttarar under 18 år!

Tusen takk til alle og ikkje minst ein stor takk til dei som var med i "staben" og gjorde dette til ein tøff finale!

Medaljevinnarar vart som fylgjer:

Klasse 1 

1. Jarle Aarsand, gylt medalje

2. Ingunn Uglehus, sølv medalje

3. Amund Lid, bronse medalje

Klasse 2

1. Ove Røyrvik, gylt medlaje

2. Jostein Steine, sølv medlaje

3. Erlend Steine, bronse medalje

Klasse 3-5

1. Liv Sollesnes, gylt medalje

2. Kjetil Skår, sølv medlaje

3. Harald Brekke, bronse medalje

Klasse Rekrutt

1. Jonas Bjørke, gylt medlaje

2. Kristine Solheim Wikane, sølv medalje

3. Mathilde Nonås, bronse medalje

Klasse Eldre Rekrutt

1. Leidulv Reisæter, gylt medalje

2. Amalie Eide Aase, sølv medlaje

3. Eirik Torvik, bronse medalje

Klasse Junior

1. Isak Helland Måkestad, gylt medalje

2. Joakim Øye, sølv medalje

3. Gaute Sande Almeland, bronse medalje

Klasse Eldre Junior

1. Morten Øyeflaten, gylt medalje

Klasse V55

1. Steinar Hårklau, gylt medalje

Klasse V65

1. Arve E. Kolltveit, gylt medalje

Klasse V73

1. John Giseth Blomli, gylt medalje

 

Me gratulerar alle, me takkar sponsorene våre Lapua v/Magne Landrø, Lingalaks, Sparebanken Vest og Hardangerstifitinga - og ser fram til ny sesong av LapuaCup hausten 2019! 

 

Resultat under:

Fullstendig resultat etter 25 skudd

Fullstendig resultat etter finalar (35 skudd)