Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Offisiell premieliste Vestlandsstemnet 2022 er klar!

Vestlandsstemnet 2022 er over! Les meir her...

Vestlandsmeistrane for 2022 er kåra!

 

Vestlandsstemna oppsumert:

FELT

På finfelten var det mykje god skyting. Og blandt dei aller yngste bør me få trekka fram Stord sine representantar. I rekruttklassen vann Mathea Hauger med heile 41/7. ein treff bak ho kom Emil Svartemyr Virkesdal frå Oppedal/Brekke, samt Ella Måkestad frå arrangørlaget.

I klassen over vart det og Stordasiger. Nora Aadland Flatås var einaste i klassen med 42 treff. Rune Valen frå Haugesund og Sveio tok andreplassen med 41/6, medan Jørn Haukanes frå Vareld hadde ein innertreff mindre.

Juniorklassen vart vunnen av ein habil kar frå Os. Daniel Fjellstad synte nok ein gong at han er ein god skyttar og vann juniorklassen med 40/8. Innertreffen bak kom lagveninne Celine Hårvik og på tredjeplass kom Mathilde Wergeland frå Oppedal/Brekke.

Rune Sørheim frå Stord vann V65, han var einaste i klassen med to treff. Lars Kåre Almeland frå Voss vart nummer to.

I V73 vart det heimesiger til Arne Berge. Han skaut til 42/9. Jostein Haukås og Sverre Krutnes kom på plassane bak.

På grovfelten vart det også skote godt. I klassen Eldre Junior vart det endå ein stordasiger med Lauritz Bjelland på topp med 40 treff. Nest best var Christian Solheim frå Oppedal/Brekke medan Maren Evensen vart nummer 3.

I klasse to vann Thomas Halvorsen frå Bergen med Alex Blokzijl frå Jondal på 2. plass.

V55 vart vunnen av arrangørlaget sin eigen Henry Øye. Robert Sandvik vart nummer to.

Vestlandsmeister felt 2022 vart Olve Grønås Birkeland frå Haugesund og Sveio skyttarlag som einaste på Grovfelten med 42 treff. På plassane bak kom far og son. Dag og Kjetil Skår frå Hardanger.

BANE

Det vart dobbeltsiger til Mathea Hauger i denne klassen då ho og vann baneskytinga. Ella Måkestad vart nummer to og Emil Virkesdal nummer tre.

Det vart dobbeltsiger også i klassen for eldre rekruttar Nora Aadland Flatås hadde 350 med to sentrum meir enn Jonas Bjørke. Iselin Eide Ure kom på tredjeplass.

I juniorklassen var Daniel Fjellstad einaste skyttar med 350 poeng. Mathilde Wergeland og Ole Morten Waage kom på plassane bak.

Det vart premie med heim til Kvinnherad i klassen Eldre Junior på bane. Andreas Hansen vann eitt poeng føre Helene Reigstad. Christian Solheim tok siste medalja.

I V65 stod Knut Dalland for det aller beste resultatet med 350 poeng. Poenget bak hamna Lars Kåre Almeland.

I den eldste klassen vart det siger til Knipenborg og Bjarne Sandvik. Petter Nordvik og Jostein Haukås kom på på plassane bak.

Frode Solheim frå Oppedal/Brekke vann klasse to, to poeng føre Anita Bakkane frå Stord.

I V55 var det Kjartan Huldal som klatra til topps. Atle Håtuft og Bjarte Haugnes kom på plassane bak.

Vestlandsmeister Bane 2022 vart Stord skyttarlag sin Mats Aadland Flatås! Han var einaste med 346 poeng. Han fekk medalja, det same gjorde Olve Grønås Birkeland og Oddlaug Ellingsen Årskaug. Njål Stian Børdal og Knut Jørgen Brodahl fekk stjerne.

Hordaland vann samlagsskytinga i alle klassar.

Stang og felthurtig for Sauer vart vunnen av Inge Hvitås frå Kjølsdalen skyttarlag medan Espen Grimstvedt frå 1. mineryddarskvadron vann dei same øvingane i klassen for HK416.

Vedlagt ligg det litt stemningsbilete.

Hardanger Skyttarlag vil takka alle som møtte opp på årets Vestlandsstemna og ynskja alle velkommen att ved eit seinare høve.

OFFISIELL PREMIELISTE VESTLANDSSTEMNET 2022

 

FINALEGRENSER:

 

LIVE-VISNING BANE

LIVE RESULTAT BANE

LIVE RESULTAT FELT

TIDSTABELL VS 2022

 

INFOSKRIV FELT

SKYTETIDER BANE

SKYTETIDER FELT

 

Kart: