Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Hordastemnet felt 2022

Det var dei yngste som "redda æra" til skyttarlaget, då 17 skyttarar frå laget vårt tok turen til Stord og Hordastevnet i felt. Les meir her...!

HORDASTEVNET FELT
 
Det var dei yngste som "redda æra" til skyttarlaget, då 17 skyttarar frå laget vårt tok turen til Stord og Hordastevnet i felt.
 
Best av alle vart Ella Måkestad, som etter finaleskytinga reiste heimatt som Hordameister i kl rekrutt med 41/01, tett følgt av Iselin Bjørke som vart nr 2 i same klassen med 40/03. Etter innleiande hovedskyting hadde begge 29/13, med Iselin rangert til finaleskive 1.
 
Ida Nybø Skogesal fekk ein fin 5. plass med 35/00
I kl ER enda Jonas Bjørke på 4. plass med 41/10, og Mathilde Nonås vart nr 5 med 40/10.
 
Det må og nevnast at i R/ER-finalen var 5 av 10 finalistar frå Hardanger skl.
 
I veteranklassane skaut også Kristian Uglehus og Asbjørn Hestad seg til finaleplass, men for lite treff eller innertreff gjorde at dei ikkje nådde heilt opp i det øverste sjiktet.
 
Av seniorane var Jon Olav Bjørke best med 23/12.