Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

NAMMO-CUP OG LAGSMEISTERSKAP FELT

vart avvikla under til dels utfordrande forhold på laurdag. Likevel vart det skote flotte resultat i dei fleste klassar. Les meir her!

NAMMO-CUP OG LAGSMEISTERSKAP FELT

vart avvikla under til dels utfordrande forhold på laurdag. Likevel vart det skote flotte resultat i dei fleste klassar.
 
I så måte imponerte særleg Ida Nybø Skogesal, som i kl NU og med cal 22, skaut fullt hus, 30 treff i sitt aller fyrste feltstemne. Imponerande også av Ronja i kl ER, som fekk 29 treff med cal 22 i sitt fyrste feltstemne. Denne klassen vart forøvrig vunnen av Jonas med dagens beste resultat 30/25.
 
Kl R vart vunnen av Madel med 28/12, føre Mathilde med 27/19.
I kl Junior vart det omtrent dødt løp mellom Celina og Endre, men til slutt sneik Celina til seg tittelen som lagsmeister med 28/21 mot Endre sine 28/18.
 
I seniorklassen var det spennande om Kjetil sine 30/7 frå fyrste laget skulle halda til tittel til slutt. Åmund gjorde det spennande i siste laget, men eit litt lågt skot på siste haldet (stripa), gjorde at han måtte nøya seg med 2. plassen med 29/16.
 
32 deltakarar på ei lang langhelg er bra, men det kunne godt vore fleire på grovfelten..