Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Lagsmeisterskap felt 2020

Så var me endeleg i gong igjen med stevner etter den (sjøl)pålagde Korona-pausen. Heile 36 skyttarar, av dei 18 ungdomar, møtte fram på laurdag til lagsmeisterskap i feltskyting i eit nydeleg skytever. Les meir og alle resultat her!...

LM FELT - RAPPORT.
Så var me endeleg i gong igjen med stevner etter den (sjøl)pålagde Korona-pausen. Heile 36 skyttarar, av dei 18 ungdomar, møtte fram på laurdag i eit nydeleg skytever.

Grovfelt:
Ein av dei med lengst Korona-pause, ja han har faktisk ikkje løyst eitt einaste skot korkje inne eller ute i 2020, gjekk heilt til topps på grovfelten. Åmund Kolltveit greidde som einaste skyttar her fullt hus 30/15, og viste dermed Dag Skår med 29/17 og Jon Olav Bjørke med 28/15 til plassane bak på lista.
Sander Eide Aase fekk det vel ikkje heilt til å stemma i kl EJ, men vant med 12/02.
Håvard Brurok skaut 16/04 i kl 1.

Finfelt:
I NU-klassen var det gledeleg stor deltaking med svært gode resultat. 6 ivrige og spente skyttarar koste seg på standplass. Ingen rangering, men det må nevnast at det vart skote både fullt hus 30/12 og 24/06 med 6 skot i feil skive.

Rekruttklassen vart vunnen av Mathilde Nonås, hårfint føre Madel Skår Måge. Begge skaut 29/14, men Mathilde vart rangert som vinnar (best hald 4). Amanda Nernes kapra tredjeplassen med 28/07.

Eldre rekrutt vart toppa av Enrde Økland med 30/17. Andreplassen til Amalie Eide Aase 29/08 og tredjeplassen gjekk til Marthe Eide med 28/18

Juniorklassen vart vunnen av Isak Helland Måkestad på gode 30/22, men han var til gjengjeld åleine i klassen.

I V65 var det hard kamp og jevnt god skyting. Denne gongen gjekk Arve E Kolltveit til topps med 30/28, dagens høgaste resultat. Steinar Vik følgde hakk i hel med 30/26. Seiersvante Arne Berge vart denne gongen henvist til tredjeplassen med 29/29 (bom under).

V73 var vunnen av Johs Skaar Bakke med 30/25.

Konklusjon: Det var både godt og spennande å kjenna krutlukt og så smått koma i gong med konkurransesesongen igjen. Ein kunne sjølsagt ynskt seg større deltaking på grovfelten, men stemningen var fin, og det vart faktisk ymta frampå om at det kanskje vert KM i felt her om nokre veker..

RESULTAT FINN DU HER