Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Hardangerfelten 2019

Så var HARDANGERFELTEN vel i havn, denne gongen vart den av det våte og tåkete slaget. 102 skyttarar trossa ver og venting og sytte for fleire toppresultat. Resultat finn du her...

Så var HARDANGERFELTEN vel i havn, denne gongen vart den av det våte og tåkete slaget. 102 skyttarar trossa ver og venting og sytte for fleire toppresultat. 


Hardanger tok dei 3 fyrste plassane på grovfelten, der det etter rangering vart Kjetil Skår som stod att som vinnar føre Oddvin Holst, begge med 30/21. Det må og nemnast vinnarresultatet i V65, der Arne Berge klinka til med 30/30.

Klassevinnarar:
2-5, V55, EJ Kjetil Skår, Hardanger 30/21
V65 Arne Berge, Hardanger 30/30
V73 Reidar Dahle, Os 30/26
R Rune V Valen, Stord 30/21
ER Haldor Valø, Stord 30/26
J Isak H Måkestad, Hardanger 30/25
NV Anita Bakkane, Stord 30/25

I tillegg desse NU-skyttarane:
Mathea Lovise Junge Hauger, Stord 30/24
Mattias Solberg, Jondal 15/05
Johannes Tufteland, Fitjar 29/09

Me takkar skyttarane for innsatsen i det våte veret, og ikkje minst ei stor takk til gjengen som år etter år velvillig stiller opp for å arrangera feltstevne på "hi sidå" av fjorden. Takk og til Jondal skl, som samarbeider om dette dobbeltstemnet.

 

Fullstendige resultat Grovfelt

Fullstendige resultat Finfelt