Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat 1. mai stemna!

Følg 1. mai stemna i Vangdalsåsen og Jondal LIVE HER!

OPPSUMMERING 1.MAI-STEMNET.
 
Så er årets 1.mai-stemne til vegs ende, der 219 skyttarar kjempa både mot og med den vetle, svarte blinken som aldri står i ro frammi siktet.
 
Også årets stemne heldt eit høgt og godt nivå, der folk koste seg både ute og inne i det fine og behageleg veret.
 
Som vanleg utmerka dei eldste veteranane seg med godt frammøte, resultat i særklasse og smittande godt humør. Men det var og gledeleg at heile 9 NU-skyttarar deltok, i tillegg til 40 stk i dei andre ungdomsklassane, no når mange lag slit med å få rekrutteringa i gong igjen etter pandemien.
 
Resultatet til Erling jr Lien frå laurdagen stod seg også ut søndagen, og han vart dermed stemnevinnar i kl 3-5 med 347, poenget føre Lars Elling Haugsvær og Liv Sollesnes.
 
Tar og med vinnarane i andre klassar der ein ikkje kunne gjere ein einaste feil for å gå til topps:
 
Jonas Bjørke 350 i kl ER
Daniel M Fjellstad 350 i kl J
Berge Legland 350 i kl V65
 
Arne Berge og Alf Høysæter som delte fyrsteplassen med 350 i kl V73
 
VANDRETROFE som går på stemnet:
 
Meisterskapspokal: Erling jr Lien 347p
15-skot pokal: Liv Sollesnes 149p
10-skot pokal: Lise Margrethe Rinde 100p
 
 
 
Sjå elles vedlagte resultatlinkar og bilete.
 
Arrangøren vil takka alle frammøtte for kjekke dagar i Vangdalsåsen, no vender me blikket og fokus mot Vestlandsstemnet fyrste helga i juli.
 
Velkommne tilbake då!
 

LIVE-RESULTAT VANGDALSÅSEN

LIVE-RESULTAT JONDAL