Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

RESULTAT DET UTSETTE 1. MAI-STEMNET 2021

Hardanger Skyttarlag arrangerte forsinka 1-mai stemne denne helga. OMTALE OG RESULTAT HER!

1.MAI-STEMNET - OPPSUMMERING.
 
Så er årets 1.mai-stemne i mål, denne gongen som 3. juli-stemne. 149 skyttarar fekk endeleg kjenna på konkurransenerver og stemnemiljø, av desse var nok veteranane i fleirtal, denne gongen og. Gode skyteforhold gjorde sitt til at det vart levert toppresultat i fleire klassar.
 
 
Det vart til slutt den blide Helene Vikøren frå Bergen (bildet) skl som stod igjen som vinnar i kl 3-5. Tidleg på laurdagsmorgonen tangerte ho banerekorden på 348 (20*) frå 2019, og dette resultatet stod seg heilt inn.
 
 
Vår eigen Harald Brekke, som ikkje har løyst skot siste året, røska med seg eit våpen or skapet og kjempa seg inn til 2. plass med 346 (15*), hårfint føre Vidar Nottveit, Seim med 346 (11*)
 
Anita Bakkane, Stord kom som ein vind i siste laget, og tok ein suveren seier i kl 2 med 339, 4 poeng føre nestemann.
 
I veteranklassane er det harD kamp om innertiarane, særleg i kl V73.
Av dei seks som skaut fullt hus i denne klassen, var det til slutt Karsten Totland, Fana som kom øverst på lista med sine 30 *.
 
I kl V65 gjekk Jostein Haukås, Åsane/Hordvik til tops med 350 (29)
 
V55 vart vunnen av Johannes Seim, Seim med 346.
 
I ungdomsklassane var det litt tynnare deltaking denne gongen, men likevel vist mykje fin skyting.
 
Kl EJ vart vunnen av Even Øyjord Rødne, Etne med 344.
 
Kl J vart vunnen av Marius Tronstad, Hgs & Sveio med 346.
 
i Kl ER klinka Kristine Solheim Wikane, Jondal til med 350 for fyrste gong, og smatt inn på fyrsteplassen.
 
I rekruttklassen vart det dobbeltseier til Hardanger, med Mathilde Nonås med 344, føre madel Skår Måge med 343.
 
I tillegg skaut 8 håpefulle i NU-klassen, alle desse fekk kvar sin premie.
 
Det vart og skote om vandrepremiar på stemnet:
 
Meisterskapspokal: Helene Vikøren 348
15-skotspokal: Harald Brekke 149
10-skotspokalen: Helene Vikøren 100
 
Hardanger skyttarlag takkar for frammøte, og gratulerer alle vinnarane!
 
Og ikkje minst: TAKK TIL EIGNE MANNSKAP, SOM OGSÅ DENNE GONGEN GJORDE STEMNET TIL EIT FLOTT ARRANGEMENT!

LIVE-RESULTAT HARDANGER

LIVE-RESULTAT JONDAL