Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

LM miniatyr 2020

Ja, kva er det eigentleg som gjer at 72 skyttarar, med stort og smått, stiller på eit lagsmeisterskap i Hardanger skyttarlag? Les meir her!...

LM MINIATYR 2020:

Heile 23 NU-skyttarar møtte fram til Lagsmeisterskapet i kveld. Mykje god skyting vart vist, det er tydeleg at treningane gjennom vinteren gjer resultat og fin framgong for dei aller fleste. Anar me her framtidige storskyttarar, skal tru?
Alle deltakarane fekk denne gongen ein flott premie.

I morgon, torsdag, fortset lagsmeisterskapet for vidarekomne ungdomar, seniorar og veteranar. Då vil det og bli kaffi og ny påfyll av Berthå sine fjorgamle julekaker, for dei gjekk verkeleg unna i kveld..

 

LM heldt fram på torsdagen (30.jan) med "stinn brakke". Stort oppmøte og god stemning.


Ja, kva er det eigentleg som gjer at 72 skyttarar, med stort og smått, stiller på eit lagsmeisterskap i Hardanger skyttarlag? Lokalitetane, kaffien, stemningen eller rett og slett det sosiale fellesskapet? Ikkje godt å seie, men i alle fall fantastisk med så stor deltaking på eit LM 😄👏


Resultatmessig var det vel ingen i ultra-klassen, men fleire tett oppunder. Nivået går jamnt oppover i mange klassar, eit resultat av mange og gode treningskveldar i "Åsen".

Verdige vinnarar i dei ulike klassane var:
Kl R: Jonas Bjørke 346
Kl ER: Amalie Eide Aase 349
Kl J: Isak Helland Måkestad 344
Kl EJ: Joakim Øye 342
Kl 2: Olav Ludvig Håbrekke 344
Kl 3-5: Dag Skår 345
Kl V55: Henry Øye 344
Kl V65: Arve E Kolltveit 349
Kl V73: Nils Lysen 346
Kl NV: Reidar Nernes 238

Gratulera til alle vinnarane! 👏👏

(Skal prøva leggja link til ei resultatliste litt seinare.)

 

ÅRETS "HØYDARE"?

Det er nok ulikt kor mykje me legg i skytinga vår, men Lapuacup generalen, Sir Chris, tok utvilsomt kleskoden til nye høgder då han møtte på lagsmeisterskapet nyleg.



Heretter vert dette kleskoden for alle lagsmeisterskap i Hardanger skyttarlag.. 😉