Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat LM felt og Nammo-Cup felt

LAURDAG 02. APRIL vart det arrangert LM felt for alle klassar i Vangdalsåsen, med innlagt Nammo Cup Felt. Les meir og sjå resultat her...!

LM FELT -22.
 
Ikkje all verdens frammøte på lagsmeisterskapet, då 24 skyttarar, av dei 19 på finfelt, gjorde opp seg i mellom i kaldt, men nydeleg skytever.
Denne gongen brukte me Nammocup opplegg, med alle grovfeltholda på 200m.
 
Finfelt-skyttarane er tydlegvis i støtet, 8 av dei fekk fullt hus, og der Arve E Kolltveit oppnådde beste resultat 30/28. Med det vant han V65. Asbjørn Hestad følgde godt på med 30/27 og til topps i V73.
 
Også Jonas Bjørke fekk 30/27 og lagsmeister i ER føre Mathilde Nonås med 30/18.
 
I kl R gjekk Ella Måkestad til topps med gode 29/21.
 
På grovfelten stakk Jon Olav Bjørke av med medaljen, han vart rangert føre Harald Brekke, begge med 29/17.
 
Gratulera til vinnarane!
 
 
 
 
Og her kan du sjå korleis me ligg an på Nammo-cup felt: