Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Minneord Olav Hjartnes

Olav «Olafen» Hjartnes til minne.

Olav «Olafen» Hjartnes til minne.

Det var med stor sorg me like før jul fekk melding om at vår gode skyttarkamerat Olav Hjartnes, eller Olafen som me kalla han, uventa var gått bort etter kort tids sjukeleie. Han var nett komen heimatt etter ein ferietur til Filippinane for å besøkja bror sin, då han vart hasteinnlagt på sjukehus, og det skulle visa seg at livet ikkje stod til å redda.

Olafen vart tidleg aktiv i Strandebarm skyttarlag, seinare når han busette seg i Norheimsund, som medlem av Norheimsund og Øystese skyttarlag, der han var med i styret og var leiar nokre år. Dei siste åra var det Hardanger skyttarlag som var basen hans, eit lag der han treivst veldig godt som medlem.

Olafen var alltid lett å be når noko skulle gjerast, det vere seg arrangement, vedlikehaldsarbeid eller bygging. Han møtte punktleg opp og utførte dei ordrar som vart gjevne. Under bygginga av anlegget i Vangdalsåsen var han fast deltakar i dugnadsgjengen, og han var ein av dei som til slutt hadde svært mange dugnadstimar. Det verka som han storkoste seg med arbeidet og fellesskapet det gav under bygginga. Han gjorde ein solid jobb, og bidrog alltid med å finna gode løysingar på problem som kunne oppstå undervegs. Til liks med oss andre var han mektig stolt over anlegget då det stod ferdig.

Olafen vart fort, etter at anlegget i Vangdalsåsen var ferdig, og nytt, samanslått lag etablert, fast medlem av «Veterangjengen» som ivrig møter opp til trening, kaffi og slabberas kvar tysdag og torsdag. Såleis var Olafen utvilsomt ein del av miljøet i Vangdalsåsen

Olafen har vore ein god ven og skyttarkamerat, ikkje berre i eige lag, men også i nabolag og vidare med. Han var utprege sosial av vesen, som likte å vere i lag med andre. Fleire av oss har reist mykje på skytestemner med Olafen, nokre gonger saman med familien, i dei seinare åra som pensjonistar der fellesskapet har vorte høgt verdsett. Me har budd på campinplassar i samband med stemner i Hallingdal, Sogn og ikkje minst landsskyttarstemner rundt i landet. Det har vore særs kjekke turar som me minnest med glede.

Det vert eit stort sakn frametter utan Olafen. Me ser ingen Olav lenger, som for å kvila ryggen, kunne setja seg opp på standplass med beina godt krølla innunder seg. No har me berre dei gode minna, men dei skal me til gjengjeld ta godt vare på.

Våre tankar går til næraste familie, som har mista eit kjært medlem!

 

Hardanger skyttarlag

Arve – leiar.