Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Sponsortreff

Torsdag 22. november vart det skipa til Sponsortreff i Vangdalsåsen. Les meir her...

Torsdag 22. november vart det skipa til Sponsortreff i Vangdalsåsen. Nær samtlege av dei 19 bedriftene som var innviterte til arrangementet møtte med ein eller flere personar, og me enda på ein stad mellom 35-40 personar totalt!

Etter at leiaren hadde ynskt dei "velkommen til gards" hadde me ein omvisning på anlegget der dei frammøtte fekk sjå og stille spørsmål.

Omvisningsrunden enda opp i miniatyrhallen, Der hadde fleire av lagets medlemmer rigga klart for konkurranse. -her vart det satt saman bedriftslag og mix-lag for skytekonkurranse. Prøveskudd og 10 skudd-serie i liggande stilling stod på programmet, og det blei skote to etappar pr lag.
Det vart mykje moro og mykje god skyting, og når siste skuddet var avfyrt og poenga summert, vart vinnaren kåra.


For Sponsortreffet 2018 vart det mix-laget mellom Hordaland Rør og GBS som drog seieren i land. -Med Einar Bolstad på fyrste etappen og Bjørn Øyri som ankermann kunne dei motta heder og ære for den flotte prestasjonen!

Kvelden vart avslutta med at leiearen fortalte litt om bruken av huset fram til no og vidare aktivitet inn i 2019, i flott kombinasjon eit måltid levert av BARMEN.

Dette bestod av Flammelaks til forrett, Ytrefilet av svin med paprikasaus, grønnsaker og småpoteter som hovudrett, før det heile blei avslutta med hermetiserte pærer med nydeleg heimelaga is til :-)

Hardanger skyttarlag vil takka sponsorane for ei flott samling i Vangdalsåsen, og for den støtta det gjev oss gjennom å bidra som sponsor for lagets aktivitetar gjennom året!! Tusen takk!!