Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Åpnings- og dugnadsfest i Vangdalsåsen!

OPNINGS- OG DUGNADSFESTEN VART EIN DUNDRANDE SUKSESS!

OPNINGS- OG DUGNADSFESTEN VART EIN DUNDRANDE SUKSESS!

Ca 150 forventningsfulle gjester var møtt fram då kveldens kjøkemeister, Sverre Måkestad, kunna ynskja velkommen til fest. Etter litt mingling og tid for å sjå seg rundt på anlegget, gjalla det ein trompetfanfare, og generalsekretær i DFS, Jarle Tvinnereim, kunne klyppa snora og erklæra Vangdalsåsen skytebaneanlegg for opna, til stor applaus frå dei frammøtte.

Under den vel 3 timars lange bordseta var det sjølsagt mykje god mat og drikka, maten smakte forresten heilt nydeleg, frå forrett til dessert, men og mange talar og helsingar, der både skyttarlag, dugnadsfolk, pensjonistgjeng, leiing og støttespelarar elles vart nærmast overaust med ros og takk for det som er utført i Vangdalsåsen. Særleg vart personen Dag Skår, som har leia både utbyggings- og samanslåingsprossess, med rette framheva av fleire som ei vesentleg årsak til at alt har gått så raskt og effektivt unna. Dag vart difor også heidra med Samlaget si fortenestemedalje, utdelt av samlagsleiar Jostein Bjørke.

Under middagen kunne også ordføraren i Kvam, Jostein Ljones, i sin tale overraskande kunngjera at Kvam herad sin Kulturpris i 2018 skulle gå til Hardanger skyttarlag.
Endå meir hakeslepp fekk nok forsamlinga då Lars Audun Torvik frå Sparebanken Vest som neste talar kunne dra fram ein gåvesjekk på kr 100.000, som han forærte skyttarlaget. Nesten ikkje til å tru..

Elles var det helsingar frå samlagsleiar, naboskyttarlag og ungdomar i laget. Kanskje mest imponerande, og nesten rørande, då to unge rekrutt-jenter gjekk på talarstolen og framførte si uforbeholdne ros til skyttarlaget og takka for at dei har vorte så godt mottekne av dei vaksne i laget.

Etter litt seinare å ha fråtsa seg gjennom eit gedigent kakebord, kunne dei som ville (dei sprekaste) gå i kafeteriaen og svinga seg til dei seine nattetimar, der «Gommibandet» spelte til dans. Eller sitja å drøsa og småprata i miniatyrhallen. Miniatyrhallen fungerte forresten utmerka som mat- og festlokale. Fin temperatur, god luft og ikkje minst suveren akustikk.

Takk til alle som gjorde sitt til at dette vart ein så kjekk og minnerik fest..! Slike vil me ha fleire av, vart det sagt. Kanskje ein kunne blåsa liv i dei gode, gamle skyttarfestane?

Takk til alle som hjelpte til, både før, under og etter festen..!

 

PS: Fleir bilete frå festen kjem!