Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Velkommen til Hardanger Skyttarlag!

Endeleg er me Hardanger Skyttarlag! Velkommen! Les meir her...

Hei, og velkommen til Hardanger skyttarlag!

 
Så er det endeleg offisielt: Frå 1. januar 2018 har Fyksesund, Norheimsund & Øystese, Tørvikbygd og Strandebarm skyttarlag gått saman til eitt skyttarlag, med navnet Hardanger skyttarlag. 

 
Lause tankar om eitt skyttarlag i kommunen har nok eksistert ei stund, men det var fyrst når dei fire laga vart samde om å byggja nytt felles skyteanlegg i Vangdalsåsen, at samanslåingstankane verkeleg kom på bordet att. Utbygginga med bl. a. alt dugnadsarbeidet har gjort laga svært samansveisa, så det var lett å få eit positivt vedtak i alle fire laga når saka kom opp i årsmøta hausten 2017. Ein kan såleis trygt slå fast at samanslåinga er ein naturleg konsekvens av baneutbygginga i Vangdalsåsen. 

Det er mykje som skal organiserast ved ein slik prosess som ei samanslåing er. For dei fleste av oss er dette «nytt land», men her har Skyttarkontoret vore til stor og uvurderleg hjelp. Endå står mykje arbeid att, men me håpar at det meste fell på plass utover vinteren og våren, slik at det nye laget kan framstå som ein solid og framtidsretta organisasjon i DFS. 

Det er å håpa og tru at det nye laget er til nytte og gagn, både for skyttarsporten som sådan i distriktet, og ikkje minst for kvar enkelt medlem. Hardanger skyttarlag skal vere eit «fyrtårn» og eit skyttarlag der alle føler seg velkomne og «heima»; Ung eller gammal, topp- eller breiddeskyttar, jeger eller feltskyttar, publikummar eller dei som set pris på det sosiale samvære. Alle er vel møtt! 

Pr i dag har Hardanger skyttarlag 381 medlemer. 

Styret.